send link to app

Stølstrimmen


4.6 ( 6256 ratings )
Health & Fitness Styl życia
Desenvolvedor: Eskil Gjerde Sviggum
Darmowy

Me starta i 1999 og har sidan då hengt opp 10 postkasser i fjella rundt Jostedalen kvart år. Postane vert hengde ut på våren etterkvart som det tøyar, og teke ned att utover i oktober. Enkelte år har me òg Vintertrimmen med turar som er fine å gå på ski/truger.

Frå å vere postar berre på stølar i byrjinga, er det sidan då og lagt til mange andre fine turmål, både DNT-hytte, andre hytter og utsiktspunkt. Det viktigaste er at det er turar som er relativt lette å gå og finne fram til, og alle skal kunne klare dei fleste.

Vaksne kan kvart år velge ut 8 forskjellige turar, medan born (tom 12 år) lyt gå på 5 forskjellige turar, for å få premie. Premien brukar å vere ein turrelatert ting.

God tur!